I restauranten i Briksdal fjellstove er behovet for sitteplassar varierande frå dag til dag. Servitør Aiva frå Latvia erfarar at turistane sjeldent vil ha norsk mat.

-Folk spør om norsk mat av og til, men det er veldig sjelden. Vi har kjøttkaker på menyen, og av og til rømmegraut, seier Aiva.

Enkelte cruiseskip reserverar bord, imens andre let passasjerane velje sjølve. Sidan talet på kundar varierar, vekslar dei mellom meny og buffé.

- Hovudsaklig serverar vi berre i kjellardelen av fjellstova. Da er det ein fast meny, med mellom anna pannekaker etter gammal famillieoppskrift, og kjøttkaker, seier Aiva.

-Vi har kapasitet til 550 personar, om vi åpnar toppetasjen. Når det er mange bookingar, lagar vi buffé med mykje forskjellig mat, slik at alle dei forskjellige nasjonalitetane får noko dei likar, seier ho.

Briksdalsbreen er hovudatraksjonen i Olden, men det er også moglegheitar til å finne på ei rekkje andre ting i turistbygda. Sightseeing,, rib- og krepseturar, sykling og kajakkturar er blant aktivtetane turistane kan ta seg til. Båtane ligge oftast frå åtte om morgenen til fem-sekstida om kvelden.

Mest asiatar

Daglig leiar i Briksdalsbre fjellstove, Per Briksdal forteller at søreuropearar og asiatar er dei som legg igjen mest pengar

-Kor mykje pengar folk legg igjen varierar ein del frå nasjon til nasjon. Spanjolar og Franskmenn legg igjen mykje. Turistar frå Kina, Taiwan, og Sør-Korea handlar mest, dei er også fleire, seier han.

-Det er mange som berre er innom og kikkar, men alle er velkommen. Det viktigaste er at dei får seg ein fin opplevelse i Briksdalen, seier han.

Har brukt 1700 kroner på ein dag

Cindy fra Bermuda ønskar å oppleve "the real norway", og er alltid på utkikk etter lokale matrettar og suvenira. Ho har spesielt fått smaken for laks og syltetøy under oppholdet sitt i Noreg.

-Eg har kjøpt eit strikketeppe og eit skjerf på andre stadar i landet, og unngår helst "made in china" varer, seier ho.

Til myten om at turistar ikkje legg igjen pengar i Noreg stillar ho seg undrande

-Eg og mannen min har brukt 1700 kroner, berre i Olden. Vi spis både ombord i cruiset, og på land, om vi finn ein god restaurant, seier ho med glimt i auget.

Briksdalsbreen er hovudatraksjonen i Olden, men det er også moglegheitar til å gjere ei rekkje andre aktivitetar i turistbygda. Sightseeing, rib- og krepseturar, sykkel og kajakk er blant aktivtetane turistane kan ta seg til. Båtane ligge oftast frå åtte om morgenen til fem-sekstida om kvelden.

Alltid på utkikk etter lokalmat og suvenirar