Kidscamp har blitt ein årleg "happening" og i går gjekk startskotet for campen.

Dei omlag 40 ungane var måndag i full aktivitet på sommarskisenteret. Saman med instruktørar fekk dei prøve seg på skileik i parken, frikøyring og teknikktrening.

Kjem frå heile landet

Campen har base på Folven, og her er det eit yrande liv denne veka. Barna som deltek kjem frå heile Norge og mange foreldre er med og bur på campingen. På Folven om kvelden er det slakk line, beachvolleyball, kubb og skateboard som står på programmet.

God stemning på toppen av trekket.( Foto: Trine Flo)