Årboka for Sogn og Fjordane er her, bygt på alle avisene i fylket.

- Målet er å vise fram eit variert Sogn ogFjordane i kvardag og fest, fortel redaktør Torbjørn Rørvik som harpløya gjennom 50 000 avissider og valt ut sakene som vertpresenterte i Årboka.

Årboka for Sogn og Fjordane 2015, som kom utpå Selja Forlag denne veka, gjev eit ekte, usminka bilete av Sognog Fjordane. Også i denne 23. utgåva har Rørvik fått plukka fritt ilokalavisene og regionavisene sine saker frå året som har gått.

Ikkje noko anna fylke kan skilte med ei tilsvarande bok somoppsummerer året gjennom nyhende, kvardagsliv, statistikkar ogikkje minst, gode bilete.

- I 2015opplevde vi heldigvis ikkje nye store naturkatastofar i Sogn ogFjordane, men tunnelbrannane i Skatestraumtunnelen og iGudvangatunnelen, då tunge køyretøy eksploderte og tok fyr, minteoss på kor små marginane kan vere, seier Torbjørn Rørvik. Påsportsfronten heidrar Årboka utøvarane frå Sogn og Fjordane, særleginnanfor skiskyting og skihopp, som markerer seg internasjonalt.