Hornindal kommune måtte bruke cirka 1,8 million kroner av fondsmidlane sine for å skape balanse i 2012-rekneskapen. Både rådmann Ann Kristin Langeland og økonomisjef Brita Sollid signaliserer at det kommunale driftsnivået framleis er for høgt.

I papiravisa i dag kjem vi nærare inn på fleire moment i rekneskapen. Lånegjelda per innbyggjar i Hornindal har dobla seg dei siste seks åra. Gjelda er i dag på rundt rekna 80.000 kroner per innbyggjar.

Utviklinga så langt i 2013 viser at fleire kommunale sektorar vil få store problem med å halde seg innanfor dei budsjettrammene dei har fått tildelt. Spesielt innan pleie og omsorg er det store utfordringar.