Maria Grodås og Maria Thaule har stor pågang i Svømmehallen, imens kinobesøkstala er meir væravhengige. Maten dei serverar blir levert av Smak.

-Vi er veldig fornøgd med å jobbe her i sommar, vi sel mest vaflar og svele. Mange foreldre sitt her og tar ein kopp kaffi, imens ungane leikar seg i svømmehallen, sei Thaule.

Dei jobbar i kulturhuset året rundt, og syntes det er ekstra kjekt når dei for besøk frå norske og utanlandske turistar.

-Det kjem ein del turistar, som har fått nok frisk luft for dagen, og vil roe ned med ein film. Mange føretrekkje  å komme hit når dei skal bade, sidan vi har varmare vatn, enn det som er i fjorden, seier Grodås.