Dagleg leiar i Stryn Næringshage, Knut Henning Hjellbakk har flytta over til Nomek sine nye kontorlokale på Vikaleirane. Dermed er næringshagen nærare knytta til industriklynga.

-Næringshagen som katalysator

Næringshagen skal vere ein "katalysator"i det nye konseptet Stryn Tech Hub som har til hovudoppgåve å kople ressursar og kompetanse på tvers av selskap og bransjar.

- Vi skal ta vidare og forsterke den samkoplinga som er gjort i dette industrimiljøet, setje fart på innovasjonsprosessane og rett og slett vere "limet" i forhold til å byggje nettverk og kompetanse, seier Hjellbakk.

- Også gründarane skal takast vare på

- Betyr dette at næringshagen skal prioritere ned andre arbeidsområde?

- Nei, vi skal framleis ivareta gründarar og vere førstelinjeteneste for Stryn kommune. Det kan gjerast vel så bra frå dersse lokala. Det er eit mål å gjere vegen frå ide til produkt og marknad så kort som muleg og jobbe med enkeltbedrifter  gjennom det nasjonale næringshageprogrammet. Vi skal også ha ulike prosjekt frå her, seier Hjellbakk.

- Viktig å kjenne virkemiddelapparatet

- Hjellbakk opplyser at dei torsdag hadde invitert Rune Henjesand i Innovasjon Norge, Sogn og Fjordane,  Øyvind Heimset Larsen i Vestlandsforsking og Jøril Hovland i Kunnskapsparken.

- Det var den første samlinga med dei, og dei skal ha fast kontordag her den første torsdagen i kvar månad i samband med Stryn Tech Hub. Det er viktig at driftsleiarane her kjenner virkemiddelapparatet og at dei kjenner næringslivet i Stryn. Den absolutt største motivasjonen for å knytte virkemiddelapparatet til oss går på dette med kompetanse og nettverk.

-Eg vonar tiltak også skal bidra til å gjere klynga og næringslivet i Stryn endå meir attraktivt for kundar, leverandørar, forskings- og utviklingsmiljøet og arbeidstakarar. Ikkje minst håpar eg å sjå at det vil vekse ein skog av bedrifter i og rundt klynga i form av knoppskyting og at andre seg moglegheiter her. Her har vi allereie fått gode signal, seier Hjellbakk.