Endre Strømsheim, Sturla Lægreid, Tarjei Bø og Johannes Thingnes Bø gjekk dei fire etappane for Norge.

Skodde og vind gjorde forholda krevande i verdscuprennet i Tyskland.

Sjølv om Tarjei ikkje såg Sturla i skodda og vart litt sein til veksling, så leverte han resten av etappen til terningkast seks, meinte kommentatorane på TV2.

Han måtte bruke to ekstraskot på liggande, men skaut fullt hus på siste og gav tyskaren juling på sisterunden. Han sende Johannes ut med nesten eitt minutt leiing før Tyskland.

– I år har Tarjei vore heilt fantastisk på stafett. No når han er i så god form, må han halde på til OL, meinte TV2- kommentator Ole Einar Bjørndalen.

Johannes fekk ei solid luke, og tok seg god tid i vinden på standplass. Han plaffa ned alle blinkane, og sørga for nok ein overlegen stafettsiger til Norge.

– Han trengde ein feilfri etappe. No er han «back in business», sa Bjørndalen. Begge brørne Bø har no tangert Bjørndalen sin rekord med 40 stafettsigrar.

– Johannes trengde denne siste etappen. Vi sa til han i går at det snart ville snu, og det gjorde det, sa Tarjei Bø til TV2.