Eit vogntog hamna i føremiddag utfor fylkesveg 60 inst i Hornindal. Uhellet skjedde i den mykje omtala svingen ved Størverstein, der mange bilar har køyrt utfor tidlegare.

På dagens snøføre var køyreforholda vansekelege på den dårlege fylkesveg 60 gjennom Hornindal. Så for lokalkjende trafikantar var ikkje utforkøyringa spesielt overraskane. Vogntoget vart liggande på sida etter utforkøyringa.