Planprogrammet som gjeld Grodås, viser fire alternativ for tunnelinnslag. Alle i området nord for Grodås sentrum. Noko som betyr at det ikkje lenger er aktuelt å føre E39 gjennom Grodås sentrum.

- Vi har fått klare signal på at det ville kome motsegn dersom sentrumsalternativet skulle takast med, opplyser ordførar Stig Olav Lødemel.

- Kva kan du seie om dei fire alternativa som ligg inne til vurdering?

- Alle er svært arealkrevjande - langt meir enn det som blir synleggjort på karta. Det blir veldig viktig at vi får utgreidd konsekvensane av dei ulike alternativa.

- Omsynet til forretningar og andre næringsaktørar tilseier at avkøyrsla bør kome så nær sentrum som råd?

- VI har fått signal på at det er ønskjeleg. Men det vil krevje så store areal at det kan bli vanskeleg å kunne utvide Grodås sentrum nordover. På den andre sida vil ein få sjå lite av Hornindal med alternativet der ein kjem ut av Kvivstunnelen og køyrer eit lite stykke i dagen før inngang til tunnelen under Middagsfjellet. Også dei to andre alternativa byr på utfordringar i forholld til skulen, kyrkja og barnehagen m.m.

Ordføraren i Hornindal oppmodar flest mogeleg om å engasjere seg i denne viktige saka. Han viser i den samanheng til at Statens vegvesen skal ha kontordag i Hornindal 25. april, der grunneigarar kan få informasjon om planane. På kveldstid blir det folkemøte med E39 som tema.

- Det er sett ein høyringsfrist til 1. juni. Alle som ønskjer å gje innspel, må nytte sjansen innan denne tidsfristen. Det er uhyre viktig at folk kjenner si besøkstid, understrekar Stig Olav Lødemel.

Alternativ nærast Grodås sentrum, Foto: Bengt Flaten
Alternativ lengst frå Grodås sentrum. Foto: Bengt Flaten
Alternativ mellom Hornindal skule og Lødøen. Foto: Bengt Flaten
Alternativ mellom Hornindal skule og kyrkja. Foto: Bengt Flaten