Stryn Bedriftsbarnehage har i dag parkeringstilhøve som er svært dårlege og til tider utgjer ein stor sikkerheitsrisiko, skriv styrar Evy M. Rossetvik til Stryn kommune. Når den vesle og tronge parkeringsplassen på nordsida er full, blir besøkande tvinga til å parkere i Vikavegen.

Vil overta areal

Bedriftsbarnehagen har søkt kommunen om overtaking av areal sør for barnehagen inn mot Sætrevegen. Om det let seg gjere å etablere parkeringsplassar her på nytt areal, vil ei utbygging av barnehagen kunne skje utan at det i for stor grad går på bekostning av uteplassen for borna, meiner styraren. Dette som eit innspel til kommunedelplanen Langeset-Stryn-Storesunde.

Planteikningar klare

Dei ber om at framlagde planteikningar med 12 parkeringsplassar no kjem inn i den nye kommuneplanen. Utfordringa er at det aktuelle området i dag er merka som friområde/grøntområde i kommunedelplanen. Området ligg i dag brakk og må opparbeidast, meiner Stryn Bedriftsbarnehage som sjølve er villege til å opparbeide dette der dei tenkjer seg ei kombinasjonsløysing av friluftsareal og parkeringsareal. Mellom anna er det plan om å setje opp informasjonstavle for våtmarksområdet, opparbeide grøntområde med mur og beplanting, samt setje ut benkar, terassebord og søppelkasser.