- Vi fekk uventa og hyggeleg besøk onsdag kveld, fortel Birger Flo på Hydla i Stryn. Ei røy som var svært så tillitsfull, rusla rundt både ute på tunet og innandørs.

Birger Flo dreiv med rydding og kosting i garsjen, då røya kom trippande inn. Ho viste seg å vere svært intererssert i arbeidet som pågjekk. Røya såg på ei stund medan Flo gjorde unna garasjekostinga.

- Då eg etterpå skulle spylle altanen med hageslangen, kom den flotte storfuglen tilbake og sette seg på rekkverket. Og då vasspruten nærma seg, flaksa røya med vengene. Ho hadde tydelegvis behov for eit vask, ho også, ler Birger Flo.

Frå cirka klokka sju om kvelden og utover til klokka halv elleve var røya ein del av tunmiljøet på Hydla. Men det var ikkje slutt med det:

- Torsdag morgon kom feiar Kolbein Fridtun til Hydla. Då var røya igjen på plass i tunet, fortel Birger Flo. Røya var like tillitsfull som kvelden før. Ho tillet Fridtun å stryke seg over ryggen, medan Flo brukte kameraet og foreviga situasjonen.

Feiar Kolbein Fridtun vart møtt av røya då han kom til Hydla torsdag morgon. (Foto: Birger Flo)
Røya sjekka at arbeidet i garasjen onsdag kveld, var skikkeleg gjort... (Foto: Birger Flo)