Ved Jøl bru/Napan opp langs Strynefjellsvegen er Fred Syversen og ein gjeng ivrige arbeidarar i full sving med å byggje nye sykkelstiar. Med seg har Syversen to britiske stibyggarar frå Trail Solution. Britane Shane Wilson og Mark McClure fortel dei er svært glade for å få vere med på eit slikt byggprosjekt, og kan saman med Syversen og dei andre arbeidarane love eit godt resultat.

Begge har lang kompetanse på det å byggje stiar, og har vore med på mange store prosjekt.