Onsdag kveld klokka halv ti fekk politiet fleire meldingar frå Stryn om ein kvit Mitsubishi der føraren framstod som rusa. Ut fra registreringsnummeret vart eigaren kontakta. Det viste seg at bilen var stolen i Volda i løpet av ettermiddagen eller kvelden.

Politiet sende ut melding om bilen til nabodistrikta. Og klokka kvart over tre natt til torsdag, vart bilen stansa på Vinstra i Gudbrandsdalen. Då hadde ein politipatrulje kjent att bilen, som no også drog på ei campingvogn. Ifølgje BT hadde denne truleg vorte stolen i Skjåk. I tillegg til ikkje å kunne framvise førarkort, framstod også bilføraren, ein sunnmøring i 30-åra, som tydeleg rusa. Dermed venta blodprøve og eit opphald i arresten.