Politiet fekk melding om eit trafikkuhell i Lodalen klokka 12.30 i dag.

Ein bil med to personar hadde køyrt i ein stabbestein og velta. Det vart meldt om lekkasje frå bilen.

Brann, helse og politi rykka ut.

Bilen blir taua bort og dei to personane i bilen er sendt til sjukehuset på Eid for røntgen.