Vegard Flo (21) frå Stryn er tilsett ved Rauma Stamfisk, og legg ikkje skjul på at det vert ein del timar med knallhard jobbing utover sommaren.

Kva er årets ferieplanar?- I sommar vert det mykje jobbing for Rauma Stamfisk, der eg har fått jobb innan akvakultur og lakseoppdrett, som eg tek bachelorgrad i. Eg og kjærasten har planer om å ta oss ein tur til Sardinia, Italia, med mine foreldre i slutten av august, og tel difor ned dagane fram til avreise. Kva kjenneteiknar ein perfekt sommar for deg?- Ein perfekt sommar vil utan tvil vere å få reist til den flottaste plassen i Nordfjord, nemleg Flo og Flofjellet.Kva et du helst på denne tida av året?- Det går helst i laks, reker samt alt anna ein kan slenge opp på grillen.

Kvar tek du med deg sommargjestane som kjem til Nordfjord? - Det er jo sjølvsagt at alle eg tek med til Stryn må få oppleve det eg meinar burde vore eitt av verdas sju underverk, nemleg dei endelause eplehagane på Flo.

Kva er ditt beste sommarminne frå barndomen?- Det må vere den sommaren eg fekk jobb som kaffiansvarleg hos Flis og Steinbutikken til han far ut i Vik. Så mange gloser har eg aldri lært meg på så kort tid, fortel Øvstetun Flo, med eit smil om munnen.