Til hausten ventar ei spennande tid i militæret, for Ingrid Ringstad Øvreberg (19) frå Stryn. Om litt under ei veke reisar ho til Bardufoss, og håpar tida i nord vert kjekk og erfaringsrik.

Kva er årets ferieplanar?- For meg har sommaren gått til både jobbing, samt familietur til Ibiza.

Kva kjenneteiknar ein perfekt sommar for deg?- Det må vere når mange av vennane mine er samla, og der vi spelar volleyball, badar og har det kjekt i lag.

Kva et du helst på denne tida av året? - Mykje grillmat og snacks! Er det sommar så er det sommar. Kvar tek du med deg sommargjestane som kjem til Nordfjord? - Via Ferrata, Briksdalen, og ein tur opp på Øvrebergsætra kor vi har hytte.

Kva er ditt beste sommarminne frå barndomen?- Eg trur det må vere frå dei turane eg har hatt i Spania, i tillegg til dei kveldane heime i Stryn kor vi har sittet ute til langt på natt. Ein kan og nemne Dana Cup, som var veldig kjekt!