I fylkesrådmannen si tilråding om Regional transportplan  2014 - 2023 er det ikkje funne plass til nye store vegprosjekt. Ei slik tilråding inneber at ny fylkesveg 60 gjennom Hornindal tidlegast kan bli bygt om ti år.

I framlegget frå fylkesrådmannen blir det lagt vekt på at forfallet på fylkesvegane skal stoggast. Det tilrådde drifts- og vedlikehaldsbudsjettet i åra 2014 - 2017 er på rundt 340 millionar kroner per år.

Når det gjeld store investeringprosjekt, meiner fylkesrådmannen framleis at det ikkje er rom for å setje i gang arbeidet på fylkesveg 60-parsellen Ugla - Skarstein i perioden 2014 - 2017. Men her jobbar politikarane som kjent med eit opplegg om lånefinansiering som skal sikre kontinuerleg anleggsdrift mellom Olden og Innvik.

I den siste planperioden (2018 - 2023) har fylkesrådmannen funne rom for å gjere nye investereingar på fylkesvegnettet. Han rår då politikarane til å løyve 150 millionar kroner per år til Førdepakken.

I eksisterinade transportplan står fyleksveg 60 gjennom Indre Hornindal på andreplass på prioritetslista, bak Olden - Innvik. No blir altså Førdepakken tilrådd prioritert før fv 60-prosjektet i Hornindal, som ikkje får ei krone dei første ti åra.

Samferdsleutvalet  og fylkesutvalet skal ta stilling til fylkesrådmannen sitt framlegg i veka som kjem. Fylkestinget gjer endeleg vedtak i desember.