Fylkeskommunen har gjeve løyve til at ein kan starte opp anleggsarbeidet på Øyestad i samband med legging av ny vasstrase frå fjorden til Blakset og Ulvedal.

- Kan støyte på kulturminne

Dei gjer likevel merksam på at "tiltakshavar har plikt til å vise varsemd og til straks å melde frå til fylkeskommunen ved kulturavdelinga dersom ein under arbeidet skulle støyte på automatisk freda kulturminne. Dette kan til dømes vere konsentrasjonar av trekol i undergrunnen eller i groper, steinsettingar eller samlingar av stein, samt våpen, reiskap og liknande metall eller stein.

- Ikkje automatisk freda

Generelt ligg det ingen kjende automatisk freda kulturminne innanfor den planlagde traseen, men fylkeskommunen vurderer det slik at det er eit potensiale for å gjere funn av førhistorisk busetjing, dyrking og gravminne særleg der vassleidninga vil gå over dyrka jord.

Vinsrygg Maskin skal starte opp arbeidet med det første, og dei er allereie i ferd med å etablere riggområde nedanfor Nordsida skule.