Stryn og Hornindal har kvar sin målestasjon som registerer nedbør. Statistikken frå juli syner at det har vore stor skilnad i nedbørsmengda på desse to stadane.

På målestasjonen i Hornindal kom det 139,1 mm nedbør i løpet av juli, medan det på målestasjonen i Stryn kom 90,5 millimeter nedbør.

Det falt altså 48,6 millimeter meir nedbør i Hornindal samanlikna med Stryn i julimånad.

17. juli kom det mest

17. juli var den dagen det regna mest. Då falt det 20,1 mm i Stryn og 15,8 mm i Hornindal.

I Innvik er det og ein målestasjon.I juli kom det 94,5 millimeter med nedbør her.

Lillian Kalve ved Meteorologisk institutt i Bergen fortel at det i juli har vore litt høgare temperaturar enn normalen og litt meir nedbør enn normalen i indre Nordfjord.

– Juni var det ganske så tørt og ein god del varmare enn normalen. August har starta med mykje nedbør, seier ho.

Heldigvis ser det ut til at det i neste veke kjem eit høgtrykk som vil gi sol og varme over heile vestlandet.

Punkta på kartet syner kvar målestasjonane ligg. Foto: Google maps