Sterke vindkast i helga førte til fleire trefall over kraftlinjer i Hornindal-området. Dermed forsvann straumen for mange av Tussa sine abonnentar i ein periode på sein kveldstid både fredag og laurdag.

- Fredag kveld var det ved Kongenestunnelen mellom Rognes og Skrede tre fall over linja. Dette førte til at kraftnettet vart slege ut i området opp til Tomasgard sekundærstasjon, opplyser driftsingeniør Tormod Eldholm på Mørenett sin vaktsentral.

Laurdag kveld var det i nærleiken av Vonlund i Holmøyane tre fall over linja i vindkasta. Igjen forsvann straumen i same området som kvelden før. Eldholm opplyser at dei her måtte ty til dynamitt for å sprengje vekk treet som låg over kraftlinja i vanskeleg terreng.

Også måndag morgon forsvann straumen for abonnentar i deler av Hornindal. Då var det feil på ein isolator på Bakke i Indre Hornindal som var årsak til straumbrotet.