– No har vi fått grønt lys frå Høgskulen i Volda. Dei har godkjent fagplan og emneplan, så no er vi veldig nære ei realisering av prosjektet, seier Gro Flølo i Farmhouse.

Dei har dei siste åra jobba med å få til eit studieprogram i Stryn. Studieprogrammet er ei vidareføring av Farmhouse sitt sommarbyrå, som har gitt designstudentar frå heile landet verdifull arbeidserfaring.

Målet med det nyutvikla studieprogrammet er å gi studentane praktisk erfaring. Det skal innehalde to fag, på 15 studiepoeng kvar. Det eine faget skal vere praktisk retta og det andre meir teoretisk.

No er neste steg å få fullfinansiert prosjektet, og Farmhouse har søknadar inne hos mellom anna Stryn kommune. Desse må dei ha svar på før dei kan setje i gong for fullt.

– Det er mogleg det blir halde eit testkurs i haust, elles blir det oppstart hausten 2016, seier Flølo.