Dersom tilrådinga i Stryn formannskap går gjennom i kommunestyret komande torsdag, vert det rådgjevande folkerøysing om kven Stryn eventuelt bør vere saman med, måndag den 13. juni. I det ekstraordinære møtet i dag vart også intensjonsavtalen mellom Stryn, Hornindal og Volda føreslått godkjent.

Begge desse sakene skal opp til endeleg handsaming i det ekstraordinære kommunestyremøtet.

Åtvara mot mange alternativ

Rådmann Per Kristian Storevik har argumentert for at det tidsmessig ville vore betre med 19. mai med folkerøysting.  Dette er dagen då Ørsta/ Volda arrangerer det same. Med 19. mai ville ein oppnådd ein "synkron" prosess og med same kunnskapsgrunnlag der resultatet frå Volda/ Ørsta ikkje hadde påverka resultatet i Stryn. Han meinte at fleire forhold vog både for og mot dei aktuelle datoane.

Per Kjøllesdal (Sp) meinte ikkje det var minus å vite meir om Ørsta/Volda når ein gjekk til urnene. Han åtvara mot mange alternativ på røystesetelen og viste til det brokete biletet som oppstod i Sunnfjord.

Meir reelt bilete 13. juni

– Det er Ørsta/ Volda som sit med handa på rattet nordafor. Skulle 70 % i Stryn røyste for dette alternativet og det etter 19. mai ikkje er realistisk, blir det ei heftig tilbakemelding for Stryn å få. 13. juni går eg for, sa Sonja Øvre-Flo. Fleire i formannskapet peikte på at folk treng tid.

Ordføraren meinte det mest reelle biletet ville vere på plass 13. juni.

I tillegg til tilrådinga om folkerøysting, vart det også tilrådd at valstyret vert personidentisk med formannskapet med ordføraren som valstyreleiar.

Når det gjaldt innbyggarundersøkinga, gjekk formannskapet for at den blir arrangert som før omtalt mellom 1. og 19. mai. Det vil opne opp for at ein kan sjå «trendar» vart det sagt.

– Ja til intensjonsavtalen

Formannskapet gjekk samrøystes inn for å godkjenne den framforhandla intensjonsavtalen med Hornindal og Volda.

Her er det eit scenario at Stryn kan bli ståande åleine. Det kan også skje med Eid og Gloppen, noko det vert gjeve signal om 30. mai.

Sonja Øvre-Flo sa i formannskapet i går at ho stiller seg 100 prosent bak det som no skjer mot Volda, men at det kjem ei tid etter 1. juni det ein må ha vilje til å sjå på alternativa som ligg igjen. At det vert gjeve opning for slike prosessar, var også ordførar Sven Flo klar på under føresetnad av at ein elles fylgde tidsplanen. Flo viste også til kva Volda-ordførar Jørgen Amdam hadde uttalt på folkemøtet i Hornindal.