Jord- og steinraset som fredag kveld gjekk over riksveg 15 i Skredestranda - eit par hundre meter vest for Skrede - er stort. På grunn av rasfaren startar ikkje vegvesenet med rydding i dag.

Raset som losna rundt 600 meter oppe i fjellsida, drog med seg store mengder stein, jordmasse  og skog. Det dekkjer riksvegen i mellom 200 og 300 meters breidde.  Raset har gått vidare i Hornidnalsvatnet.

Store steinblokker har heilt tydeleg gjort skade på vegbana. Så i tillegg til oppryddingsarbeidet, må det også reparasjonsarbeid til før riksveg 15 kan opnast att i Skredestranda. Vegvesenet opplyser at opning tidlegast kan skje måndag, men det er høgst uvisst om det let seg gjere å få vegen køyreklar den dagen.

Heldigvis var det ikkje bilar i området då raset gjekk. Tidlegare på kveld gjekk det eit mindre ras, men bilar vart etter kvart sleppte forbi i eine køyrebana. Så kom kjemperaset. Sidan har det vore full stans i trafikken langs denne delen av Hornindalsvatnet.

Raset gjekk over vegen og vidare i Hornindalsvatnet. (Foto: Hans Holmøyvik)
Raset i Skredestranda er stort. (Foto: Hans Holmøyvik)