Britane Shane Wilson og Mark McClure, som er med på byggprosjektet inst i Hjelledalen ved Jøl bru og Napen, seier dei begge trivst i den vakre naturen i Nordfjord. - Med høge fjell, djupe fjordar og med ein natur som nesten kan ta pusten frå ein, er området ideelt for eit sykkelstiprosjekt som dette, forklarar McClure.

Har undervist mange i stibyggarkursWilson og McClure er begge tilsett hos IMBA Trail Solutions (International Mountain Bicycling Assosication), som er internasjonalt leiande i utviklinga av singletrack stiar, med kompetanse på meir enn 350 stiprosjekt i både USA, Canada, Mexico, Italia, Sveits, Australia m.m. Organisasjonen utmerkar seg innan planleggjing, design, utbygging og forvalting av stiar. Frå 15.-17. juli arrangerte dei eit stibyggarkurs i samband med prosjektet i Nordfjord. Begge stod for undervisninga og ville gi deltakarane ei breidd innføring i bærekraftig planleggjing, byggteknikkar og vedlikehald av stiar tilpassa terrengsykling. Fred Syversen, som er ein av intiativtakarane bak prosjektet og som sjølv var på kurset seier det er viktig å forstå all teori før ein skal å byggje noko. Syversen rosar dei to ivrige britane, som begge viste god kunnskap omkring feltet sitt.

Håpar på eit godt resultat- Å få jobbet saman med så mange kjekke mennesker er verkeleg noko å setje pris på, fortel McClure. Han legg til kor overraska både han og Wilson er over at mange tek seg tida til å ville stille opp.Saman med Syversen håper dei på eit godt resultat når stien vert ståande klar.