- Dei tre para frå Fjelljom starta i kvar sine «heat», og gjennomførte masurkaen på god måte med lette og stødige dansetrinn, skriv Leif Vinsrygg til Fjordingen. Han er på Landsfestivalen i gammaldansmusikk i Steinkjer og følgjer med på musikarane og dansarane frå Stryn.

Fredag konkurrera dansarane frå Fjelljom i lagdans. No er det opp til dommarane å avgjere om dei har kvalifisert seg for finaledans i morgon, laurdag.

- Fjelljom har vore med og laga historie, sa ein nøgd spelemann og dansar, Arne M. Sølvberg etter at lagdansen var vel gjennomført.

- Det var laget vårt som kom med framlegg om å innføre lagdans som ei tevlingsgrein under Landsfestivalen. At vi i tillegg hadde startnummer ein, set ein ekstra spiss på deltakinga. Og dansen gjekk betre enn nokre av oss trudde på førehand. Skepsisen gjekk på om vi ville greie å halde ringen då vi starta med bytereinlendar. Men det gjekk fint, og dette var ei kjekk oppleving.

Dei dansa etter reinlendaren «Fossekallen» av Severin Kjærland.

Frå venstre: Silje og Elling Sølvberg, Paul Tormod Brobakken, Antonia Karete Haugen Kongsvik, Tom Kristian Bardal, Svein Nesje og Arne M. Sølvberg. Dei spelte vals og hamborgar under kvalifiseringa. «Strynevogga» av Bolstadkarane og hamborgar etter Alv Rosenlund. Foto: Leif Vinsrygg