Kommunepolitikar Per Kjøllesdal er godt fornøgd med at det i planprogrammet for E39 er lagt inn tre kryssalternativ i Vikane. Men han reagerer sterkt på at ein ikkje har med tilknytingsalternativ ved brua på Frøholm.

- Dersom det ikkje vert høve til å køyre på og av E39 ved brua på Frøholm, må trafikken frå Loen/Olden gå via Vikane eller krysset på Svarstad. Det blir etter mitt syn veldig feil, seier Per Kjøllesdal til Fjordingen.

- Problemet er vel å finne areal for krysspunkt på Frøholm?

- Ja, der ligg utfordringar. Men i  denne delen av planprosessen må det kunne vurderast, hevdar Per Kjøllesdal.

- Du er nøgd med at ein i planprogrammet har lagt inn tre kryssalternativ i Vikane?

- Ja, det er  veldig ok at vi får utgreidd desse alternativa. Dette er også i tråd med føresegnene om at E39 skal vere både gjennomfartsveg og lokal veg, seier Per Kjøllesdal.

På strekninga gjennom Vikane er det skissert to linjer som begge går i høgda. Dvs. at vegføring langs sjøen er ute av bildet.

- Det er veldig bra. Å la E39 gå gjennom tronge Utvik sentrum hadde vore bortimot umogeleg. Ved å leggje E39 så høgt, sparer ein også jordbruksareal. Det er svært viktig, understrekar Per Kjøllesdal.