Hornindal kommunestyre vedtok framlegg til intensjonsavtale om samanslåing med Stryn og Volda. Eldar Engelund (Sp) sitt forslag om å ha rådgjevande folkerøysting 13. juni (same dag som Stryn) fall mot Sp sine seks røyster.

- Mange vart forundra over at Volda kommunestyre tok framlegget til intensjonsavtale med Hornindal og Stryn til vitande og ikkje i vedtaks form.  Bakgrunnen  er openbar; dei har intensjonsavtale med Ørsta som seier at dei ikkje kan ta stilling til intensjonsavtalen med Stryn og Hornindal før deira folkeavrøystinga i19. mai. Det betyr at Hornindal ikkje har godkjent intensjonsavtale før etter at Volda/Ørsta har gjennomført si folkerøysting. Når vi utset innbyggjarundesøkinga som skulle ha starta i neste veke, er det fordi vi ikke kan gå ut med innbyggjarundersøking på ein avtale som ikkje er politisk godkjent, innleia rådmann Ann Kristin Langeland.

Som sjølv stilte spørsmålet: Kva betyr Volda sitt "vitande-vedtak" i forhold til Hornindal si planlagde innbyggjarundersøking?

- Konsekvensen er at Hornindal må vente til slutten av mai med innbyggjarundersøkinga. Når ein veit at slike undersøkingar tek tre veker frå start til mål, vil ikkje resultatet vere klart før i slutten av juni. Så då ligg det an til at vi må ha eit ekstra kommunestyremøte seinare enn det planlagde 16. juni.

Varaordførar Randi Langlo (Ap): - Eg går for at vi godkjenner intensjonsavtalen med Stryn og Volda, og så får vi sjå kva som skjer seinare.

Brynhild Lund Notøy (V): - Eg meiner vi har fått til ein god intensjonsavtale med Stryn og Volda. I denne er dei viktigaste punkta for Hornindal ivaretekne. Uansett kva som skjer, er det viktig at vi riggar ein kommune som er i stand til å møte tøffare tider.

Eldar Engelund (Sp): - Det er ikkje enkelt når ein heile tida må improvisere. I denne saka har vi såpeopera og skodespel på ein gong! Ordføraren i Volda burde kjenne sitt kommunestyre så godt at han hadde politisk ryggdekning for å underteikne intensjonsavtalen med Stryn og Hornindal. Når vedtaket i Volda fører til at vi ikkje får gjennomført vår innbyggjarundersøking før etter 19. mai, bør også Hornindal vurdere folkerøysting synkronisert med Stryn.

Ordførar Stig Olav Lødemel gav ein brei presentasjon av dei mogelegheitene som byr seg ved at Hornindal, Stryn og Volda slår seg saman.

- Eg skal ikkje leggje skjul på at vi opererer i eit vanskeleg farvatn så lenge andre sitt val påverkar våre ønskje. Men ein ting kan alle vere trygge på: Vi har framforhandla ein god avtale som enkelt kan takast opp av skuffa 20.mai, og som er eit godt grunnlag for vidare forhandlingar. Eg meiner vi skal seie ja til avtalen og nei til folkerøysting. Det er viktig at vi ikkje set oss i ein situasjon som gjer at vi må bruke meir tid enn nødvendig. Folkerøysting er greit når det ein skal spørje folk om å seie ja/nei, ikkje når ein vil ha svar på fleire alternativ.

Eldar Engelund: - Argumentasjonen til ordføraren heng ikkje på greip. Også ei innbyggjarundersøking må tolkast.

Per Maurset (Ap): - Det er uheldig at diskusjonen om folkerøysting kjem opp i dag. Det burde ha skjedd tidlegare. I utgangspunktet er dette ein prosess som eignar seg dårleg for folkerøysting, då det er kommunestyret som må ta endeleg avgjerd. Slike rådgjevande folkerøystingar er ofte meir villeiande enn rådgjevande!

Brynhild Lund Notøy: - Kommunestyret har vedteke at det skal vere innbyggjarundersøking i staden for folkerøysting. Når vi ser kva som skjer andre stader, er det bra at vi har eit slikt vedtak.

Thore Heggen (H): - Det er vanskeleg å sjå føremålet med ei folkerøysting. Høgre går imot.

Eldar Engelund: - Sist vi handsama denne saka, var det eit hovudargument at Hornindal måtte gjere likelydande vedtak som Stryn for at det ikkje skulle bli krøll i systemet.  Når dei har vedteke folkerøysting 13. juni, burde det ikkje vere vanskeleg å gjennomføre det same her i kommunen. Eg må også minne om at ordføraren i Volda, der det er 17 valkrinsar, sterkt går inn for folkerøysting. Då kan det ikkje vere noko problem i Hornindal med ein valkrins.

Anders Hjellbakk (Sp): - Innbyggjarane i Hornindal må få spørsmål som avklarar om dei vil vere sunnmøringar eller nordfjordingar dersom valet står mellom å slå seg saman med Stryn eller Volda. For ein kommune som Hornindal, finst det ikkje ei betre sak enn å la folket få uttale seg. Mitt råd er at ein avsluttar med eit smell og spør innbyggjarane gjennom folkerøysting. Og Hornindal har i denne saka ikkje dårlegare tid enn Stryn som vi skal slå oss saman med. Så kva er de så veldig redde for? Sp føreslår folkerøysting same dag som Stryn, dvs. 13. juni.

Brynhild Lund Notøy: - Saka i dag gjeld intensjonsavtalen med Stryn og Volda. Vedtaket om innbyggjarundersøking er allereie fatta.

Eldar Engelund: - Eg må minne representanten Lund Notøy på at eit vedtak er gjeldande til nytt er fatta. Det har vi god erfaring med i Hornindal kommunestyre.

Stig Olav Lødemel: - Valet mellom å gå til nord eller sør må med i innbyggjarundersøkinga.

Etter eit kort gruppemøte vart saka teken opp til votering. Sp sitt forslag med tilleggspunkt om folkerøysting 13. juni fall mot Sp sine seks røyster.