Nomek i Stryn er ei sterkt veksande kompetansebedrift innan mekanisk produksjon med behov for mange nye stillingar i framtida. Dette i sterk motsetning til den stigande arbeidsløysa i oljerelatert industri.

- Mange ordrar - nye satsingsområde

Dagleg leiar Sverre Magne Haugen opplyser at verksemda i dag har 48 tilsette. 3-4 nye er komne til i staben dette året, og no er det utlysing med behov for seks nye stillingar innanfor ulike arbeidsfelt. I tillegg vert det truleg tekne inn to nye lærlingar frå hausten.

- Kva er årsaka til det store behovet for nye medarbeidarar?

- Det er vekst og utvikling og stor aktivitet i marknaden innan våre satsingsområde. Vi leverer til eit stort spekter av industrikundar fordelt på fleire bransjar. Vi har mykje kompetanse internt, og det er viktig å byggje opp denne for nye satsingsområde.  Kompetanse i alle ledd er viktig i marknaden. Vi forventar mange søknader både frå Sogn og Fjordane og Møre & Romsdal og er villege til å bruke tid om nødvendig for å finne dei rette.

- Når det gjeld lastebilpåbygg, er det store mulegheiter framover, og vi har stort fokus på marknadsarbeidet. På det maritime ser vi ein forventa nedgang, men til gjengjeld ser vi ein vekst i bygg, anlegg og innanfor transport med stort fokus på miljøvennlege produkt, seier Haugen.

-Manglar areal

- Vi har i dag 7.500 kvadratmeter med moderne kontor og produksjonslokale på Vikaleirane og slit med mangel på areal. Det er dramatisk om vi ikkje får fullføre veksten på grunn av dette, seier Haugen.

Nomek hadde i 2015 ei omsetning på 66,6 millionar kroner. Forventningane i 2020 er 100 millionar kroner, og då vil det i mellomtida  handle mykje om å gjere dei rette strategiske vala.

- For oss er det ein styrke at vi har fleire bein å stå på. Den største kunden vår representerer ei omsetning på 7-8 prosent. Det gjer oss mindre sårbare for svingingar, seier Haugen. I 2016 har dei eit forsiktig budsjettmål på 70 millionar kroner.