Porcia Sunde ved Sundekiosken i Olden sine vårrullar og asiatisk mat er svært populært blant turistar og lokale, men også blant filipinske sjøfolk på Cruiseskipa.

- 90 % av dei som jobbar på cruisa er frå Filipinene, og dei blir svært glade når dei ser flagget som flagrar utanfor butikken. Vi sel også mykje mat og snacks til folk frå andre asiatiske nasjonar, som kanskje har blitt litt lei av brunost og sveler, seier Sunde muntert.

- Eg trur vi sel meir asiatisk mat, enn norsk, hevdar ho.

Mange sjøfolk er innom Olden, og store delar av dei er frå Filipinene. Som nordmenn i utlandet, ønskar dei å minske litt på heimlengselen med mat som minnar dei om heimlandet. I kiosken finn dei mellom anna asiatiske snacksvarer og  nuddelwok. Turistar frå andre kontinent kjem og innom for å få seg saftig sikringskost i form av hamburgerar og pølser.

Porcia har fått god kontakt med dei filipinarane som jobbar ombord i dei store cruisskipa, og blir stadig ringt opp av mannskap, som ønskar seg asiatisk mat til middag. Vårrullen er også populært blant nordmenn, og under Oldendagane var det stor gjennomstrøyming på gatekjøkkenet. Ho har også fire personar i opplæring for tida.

- Under Oldendagane solgte vi 1000 vårrullar på ein kveld,  seier Sunde. Ho kan og fortelle at vårrullen er bærebjelken i kioskdrifta

- Vårrull er det vi sel mest av, og er ein klar favoritt blant kundar på tvers av nasjonalitet og skyssform, seier ho.

Filipinske turistar og cruismannskap blir svært glade når dei ser flagget deira utanfor Sundekiosken i Olden Foto: Porcia Sunde
Foto: Porcia Sunde