Nokre skuleelevar vert sendt heim tidlegare enn vanleg. Og leiarane av grendeutvala vert oppmoda om å følgje med og setje i verk lågterskel tiltak om nødvendig.

I ei pressemelding frå kommunen vert det opplyst at kommunen har sett krisestab og gjer førebuande tiltak som følgje av varsel om ekstremt kraftige vindkast som er ventande frå i ettermiddag.

I pressemeldinga skriv kommunen:

Det er usikkert kor sterke kasta kan verte i vårt område, men vi må alltid vere budde på at kommunikasjonssamband og vegsamband kan falle ut i situasjon med ekstremt sterk vind. Vi oppmodar alle om å sjå til naboen og då særskilt eldre personar i nabolaget. Ved ekstremvêr kan tryggleiksalarmar miste sambandet.

Kommunen har oppmode leiarane av grendelaga om å følgje med på situasjonen og ev setje i gang lokale lågterskeltiltak om det skulle verte nødvendig. Dette gjeld særleg å sjå til om det er innbyggjarar som treng særleg tilsyn eller hjelp. Grendalaga har ei viktig rolle og kan vere kontaktpunkt dersom kommunikasjonen fell ut.

Hornindal skule. Her vert nokre elevar sende heim tidlegare enn vanleg. Kommunen rår til at dei yngste elevane ikkje går heim åleine. Foto: Bengt Flaten

Skuleskyss er framskunda for elevar ved:

Hornindal skule (til Bjørke, Fyrde og Høydal)

Bratteberg skule (til Hjartå)

Volda ungdomsskule (til Hjartå og Mork/Lid)

Dei blir sendt heim ca kl 12.20

  • Kulturskulen vert stengt i dag grunna potensiell fare i ettermiddag.

  • Ein rår til at dei yngste elevane ved Øyra, Bratteberg og Hornindal skule ikkje går heim åleine frå skule/SFO.

  • Barnehagane i Volda held ope som normalt. Det vert sendt ut melding dersom denne vurderinga vert endra.

  • Ungdomsrådet 31.01.24 vert avlyst.

  • Personvernmarkering på Spinneriet vert avlyst.

  • Utvalsmøte for oppvekst og kultur i dag vert avlyst.

  • Dagsenteret held ope som vanleg.

  • Legesenteret tek imot pasientar som vanleg.

Alle må sikre lause gjenstandar på sine eigedomar. Unngå å opphalde seg ute når det er sterk vind då det kan vere farleg på grunn av lause gjenstandar i lufta.

Beredskap i sektorane: Samfunnsutvikling:

Avdeling Vatn og avløp har sjekka veg, avløp og kummar og held seg i beredskap utover dagen og natta. Avdeling Eigedom har sikra kommunale bygg så langt det let seg gjere, og vil ha beredskapsvakt under uvêret. Seksjon Drift har mellom anna sjekka aggregat og gjort dei klar til drift ved behov.

Helse og omsorg:

Tryggleiksalarmar kan dette ut. Vi oppmodar at naboar og andre er merksame og held eit auge med personar dei veit om i nabolaget .

Dei som bur ute i bygdene og skal ha middag frå helse og omsorg, vil få framskynda leveranse og få denne levert tidlegare på dag.

Heimetenestene har gjort førebuande tiltak. Hjelpetrengande personar som bur særskilt utsett har fått tilbod om å bli flytta.

Heimetenesten køyrer ut som vanleg på heimebesøk, så lang som mogleg.

 Søre Sunnmøre legevakt har gjort tiltak og har beredskap både på ytre Sunnmøre og indre. Det er også mogleg å setje opp legevakt i Hornindal–området dersom vegen mellom Volda sentrum og Hornindal skulle bli stengt.

Kriseleiinga i Volda skal ha nytt møte kl  15.00, eller før ved behov, opplyser kommunen.