I 1914 vart det bygt to ferjekaier i Kjøsapollen. I år, nesten hundre år seinare, vart kaia på sørsida offer for isen sine veldige krefter på Hornindalsvatnet.

- Heilt utruleg, seier Kjell Aasebøstøl og ser på skaden vassisen gjorde i løpet av ei natt. Den tjukke stålisen hadde losna nærast land. No hadde han kome drivande med all si tyngde frå vest og inn mot kaia, som i si tid vart bygt til kabelferja som i fleire år vart brukt dei 260 metrane over Kjøsapollen.

At det var eit solid byggverk som bukka under då isen kom, er det ikkje tvil om. I alle år har kaia på det som til dagleg blir kalla "Ferjestedet" på sørsida av Kjøsapollen, stått imot vêr og vind, bølgjer og drivande is. Men i 2013 var isforholda så spesielle at kaia ikkje greidde å stå imot trykket.