Planprogrammet i samband med oppstart av kommunedelplan for Opplendskedal-Strynefjellet har vore på høyring og lege ute til offentleg ettersyn. Onsdag skal det opp som sak i Stryn formannskap.

Framtidig heilårsveg

Føremålet er å leggje til rette for heilårsveg mellom Geiranger og riksveg 15 Strynefjellet. Dette omfattar ny veg/tunnel på rv.15 Strynefjellet. Ein sidetunnel frå riksveg 15 til Opplendskedal vil ha stor betydning for turistnæringa og for bu- og arbeidsmarknaden.Planområdet ligg i Stranda og Stryn, noko som gjer at planen blir handsamai begge kommunane.

Kvalitetssikring

Det er Konseptvalutgreiinga  (KVU) som skal vere grunnlaget for Regjeringa sin konklusjon om val av konsept og vidare planlegging av traseen. Vegvesenet si reviderte tilleggsutgreiing er no ferdig frå vegvesenet si side og skal no kvalitetssikrast av eksterne konsulentar (såkalla KS-1). Dette arbeidet vil ta omlag eit halvt år før endeleg vegtrase vert valt.

Rådmannen rår no til at planprogrammet til kommunedelplan blir fastsett og at utarbeiding av planen skal vurderast av kommunestyret i samband med utarbeiding av ny kommunal planstrategi for 2016-2019.