Stryn kommunestyre godkjende i dag mot ei røyst framlegget til avtale om kostnadsfordeling mellom Nordfjord Havn IKS og Stryn kommune knytta til ansvars- og eigardelinga av infrastrukturen på cruisekaia i Olden.

Mot ei røyst

Sentralt i diskusjonen i dag var innlegget frå Rune Holen (V). Han viste til kommunestyrevedtaket om kommunedelplanen for Olden den 25. juni i fjor der han saman med Kari Synnøve Muri (Kr.F.) fekk eit samla kommunestyre til å fjerne ei formulering  om at tog og bussar skulle henvisast  til nytt service- og terminalområde på Myklebusttomta. I det same møtet i fjor uttrykte Kari Synnøve Muri (KrF) glede over at det var lagt til rette for næring i eksisterande kaiområde.

- Ein må vere tydeleg på kvar det vert satsa i Olden. Ein avtale må sikre at det vert investert på eksisterande kai, sa Holen. Med bakgrunn i ulike signal som etter hans oppfatning var i strid med det som vart vedteke i planen i juni i fjor, fann han det rettast å røyste mot avtalen no.

Ville ikkje ha omkamp

Ordføraren var ikkje interessert i nokon "omkamp" om kommunedelplanen og synte til utviklingspotensiale både på Myklebusttomta og eksisterande kai.

- Eksisterande kai skal utviklast, tenderløysing vert flytta til Myklebusttomta der det også skal vere bussoppstilling. Det skal framleis vere aktivitetar på eksisterande kai, og detaljane skal gje svar, sa ordføraren. Rådmannen sa at kommunedelplanen var rettleiande for reguleringsplanen. Jan Træen (Ap) kjende til skepsisen knytta til kommunedelplanen frå mange lokale aktørar på eksisterande kai, men la til at det var muleg å leggje til rette for bussoppstilling gjennom reguleringsprosesen.

- Føremålstenleg?

I debatten reiste også Asbjørn Fure (Sp) spørsmålet ut ifrå arealsamanheng kor føremålstenleg det var å bruke sju dekar i kjerneområdet i Olden sentrum til å plukke opp turistar, ha bussoppstilling og tendertrafikk.

Jan Træen (Ap) gjorde det klart at "framtida ikkje alltid blir slik ein trur". Han ville gå for avtalen og la til at det alltid ville vere ein sikkerheitsventil for utmelding.

- Cruisekaia er merkevare som må dyrkast

Richard Grov (H) sa at det var tredje gongen dei hadde avtalen oppe og at det var på tide å godkjenne denne:

- Om vi ikkje får denne godkjent, kjem vi ikkje lenger i utviklinga. Cruiseshamna i Olden er merkevare med stort potensiale utvikla gjennom mange år. Det er attraksjonane rundt som bestemmer. Dei må ha topp kvalitet, og då er det ingen tvil om at cruiseskipa vil ligge i kø med Olden som mål, sa Grov og fekk verbal støtte frå Rune Myklebust (Sp).

- Store skip berre til Måløy?

Anders Magne Vik (Frp) drista seg frampå med eit utsagn han hadde "fiska opp" i Måløy om at store skip i framtida ville kome til Måløy og at turistane i sin tur ville bli transportert inn fjorden i mindre båtar. Dette fekk ordføraren til å reagere:

- Det er høgt  nivå på synsing og oppfatningar. Nordfjord Havn er vår forlenga arm i forhold til det arbeidet som skal gjerast i Olden, sa Flo og slo fast at "Myklebusttomta har utviklingspotensiale og er definert som område relatert til cruiseaktivitet."