- Det er viktig at fylkeskommunen har fokus på Nordfjord som utviklingspotensiale, seier ordførar Sven Flo i Stryn. Dette i samband med høyringsuttalen til den regionale planstrategien  2016-2020. Formannskapet  Stryn hadde denne oppe til handsaming torsdag og har no sendt over høyringsfråsegn.

Utviklingsmål og føringar

Formannskapet støttar elles framlegget om å utarbeide ein ny regional plan for senterstruktur og tettstadsutvikling med dei framlegga til endringar som går fram av høyringsfråsegna. Dei støttar også at det vert utarbeidd ein strategisk plan for kysten.

Planstrategien legg langsiktige utviklingsmål i fylket og føringar for regional planlegging.

- Vi er i formannskapet samde om at det er viktig å utvikle seg på forskjellige felt. Tidleg var ein ute etter å utvikle aksen Førde-Florø, men potensialet i Nordfjord må ikkje gløymast, seier Flo.

- Også styrking av naturlege regionssenter

I uttalen frå Stryn heiter det mellom anna under avsnittet om "regional plan for senterstruktur og tettstadutvikling at "For å møte svak folketalsvekst, globalisering, sentralisering og demografiske utfordringar, er ein av strategiane styrking av BAS-regionar. Sogndalsregionen og Sunnfjordregionen blir vurdert å vere dei to som har nok vekstkraft til å tilfredsstille kriterane for regionsforstørring. Samstundes blir det peika på at strategiane også må handle om styrking av naturlege regionsenter og mogleg utvikling i mindre sentrale område i fylket".

- Sterk folketalsvekst

Det vert også peika på at "Nordfjord sidan 2008 har hatt ein jamn positiv folketalsvekst, at dette skuldast næringsutvikling som gjev arbeidsplassar og attraktivitet som tiltrekkjer seg nye innbyggarar. Prognosane fram til 2040 viser at Stryn er ein av kommunane der det er venta sterk vekst. Ein av grunnane til det er innvandring, og mange innvandrarar blir verande", skriv dei i uttalen mellom anna.

Formannskapet ser elles på det utsende dokumentet som grundig og godt.