Denne veka er det «Mads Wie’s scoringsskule» på Stryn stadion.

Her får dei unge fotballtalenta trene med Mads Wie før dei reiser på Dana-cup i neste veke.

Mats Wie har vore Stryn fotball sin storscorar denne sesongen, og han har gode råd å gi dei unge spelarane.

– Vi øver på å få inn bevegelsane, touchen og å vere roleg framfor mål, seier Wie.

Peter Frausing er kaptein for gutelaget, som snart drar av stad mot Danmark.

– Målet er å komme så langt som mogleg og spele gode kampar. Scoringsskule er eit fint tiltak ved sida av vanlege treningar. Det er bra at vi får komme her litt tidlegare om morgonen og trene med Mads, meiner han.