Fire måtte levere frå seg førarkortet og 24 må betale bøter etter at politiet hadde omfattande fartskontrollar på vegane  i indre Nordfjord torsdag ettermiddag og kveld.

Første melding frå politiet kom i 20-tida. Då hadde ein politipatrulje avslutta fartskontroll i ei 80-sone i Oppstryn. Ein bilist miste førarkortet etter å ha køyrt i 123 km/t.

Neste melding fortalde at ein sivil UP-patrulje hadde hatt fartskontroll i 90-sona på på riksveg 15 på Strynefjellet og i 50-sone nær Stryn sentrum. I desse kontrollane måtte tre bilførarar levere frå seg førarkortet. Høgste målte fart var 148 km/t i 90-sona og 76 km/t i 50-sona. I tillegg fekk åtte førarar fartsbøter. Vidare vart ein førar meld for å ha køyrt motorvogn utan å ha førarkort.

Siste melding frå politiet seint torsdag kveld, gjekk ut på at UP hadde hatt fartskontroll på riksveg 15 ved Fosnes og på fylkesveg 60 i Olden. I 60-sona på Fosnes fekk fire bilførarar forenkla førelegg. Høgste målte fart var 83 km/t. I 50-sone i Olden fekk 12 førarar forenkla førelegg. Høgste målte fart her var 66 km/t.