UP hadde tidlegare i dag fartskontroll på riksveg 15 i Mogrenda i Eid. I 50-sona vart det skrive ut 12 forenkla førelegg. Høgste fart på desse var 68 km/t.

Ein utlending som køyrde vogntog, var langt tyngre på gassen. UP målte farten til 83 km/t. Dermed vart utlendingen meld, og det blir oppretta sak. Førarkortet måtte vogntogføraren levere frå seg på staden.