Formannskapet i Stryn hadde i dag oppe kommunereformen som orienteringssak.

- Viktig med rådgjevande folkerøysting

Ordførar Sven Flo la ikkje skul på at ein no var kome inn i ein kritisk tidsfase i forhold til å arrangere rådgjevande folkerøysting. Ei slik folkerøysting oppfattar han og formannskapet som viktig i forhold til alternativet som no kjem med intensjonsavtalen med Volda og Hornindal.

For å gjennomføre rådgjevande folkerøysting, krevst det vedtak om dette i april for å nå tidsfristen med avgjerd innan utgangen av juni. Det store usikkerheitsmomentet er kva som skjer i folkerøystinga Volda/Ørsta 19. mai. Skulle det her bli fleirtal for samanslåing av dei to kommunane, er konstellasjonen neppe noko alternativ for Stryn.

Til formannskap og kommunestyre

I formannskapet vart det signalisert tydeleg krav om rådgjevande folkerøysting der også 16-åringar kan delta, og spørsmålet om det skal arrangerast folkerøysting blir no fremja som sak til nytt formannskapsmøte og til ekstraordinært kommunestyremøte den 28. april. Då kjem også intensjonsavtalen Stryn/Hornindal/Volda opp. Datoen 13. juni vart drøfta som ein aktuell dato for rådgjevande folkerøysting.

I Stryn kommune skal det elles arrangerast folkemøte tre stader i april. Aktuelle datoar er 19. april i Stryn, 25. april i Olden og 28. april i Vikane.