Styret i Svarstad og Faleide Vel krev at 1.150 meter gang- og sykkelveg frå vegkrysset og inn til avkøyrsla mot Vinsrygg vert teken inn i kommunedelplanen Langeset–Stryn–Storesunde.

I presentasjonen av forslag til kommunedelplan kom det fram at Stryn kommune vil overføre gang- og sykkelvegen til planen for E39 Byrkjelo–Grodås. Det godtek ikkje styret i Svarstad og Faleide Vel.

– Vi kan ikkje vente på E39 når vi ser kor det hastar å få på plass gang- og sykkelveg inn mot Stryn sentrum. Eit tiltak som i mange år har toppa kommunen si prioriteringsliste når det gjeld trafikktryggingstiltak langs riksvegar, fortel representantane for innbyggjarane på Svarstad og Faleide. Der det no er nærare 30 born som må køyrast til og frå aktivitetar i Stryn sentrum.

– I min oppvekst var det vanleg å sykle når vi skulle til og frå sentrum. Med dagens trafikk er det heilt utenkjeleg å la borna sykle på riksvegen, seier Sissel Svarstad.

I innspelet til kommunedelplanen gjev styret i Svarstad og Faleide Vel uttrykk for at dei fryktar at deira prosjekt skal hamne utanfor prioritering på grunn av manglande plan. I møtet med Fjordingen utdjupar dei dette.

– Det er for så vidt same kva plan gang- og sykkelvegen blir del av. Men faren er at prosjektet fell mellom to stolar. Og skal ein måtte vente på E39, kan det ta lang tid før vi kjem i posisjon til å få bygt den relativt korte strekninga inn til gamle riksvegen, slår dei fast.