Steinar Frøholm som er pendlar til Innvik, teikna for nokre år sidan skiltet "Olden-Innvik Norges verste veg". Dette skjedde i frustrasjon over eit negativt vedtak i fylkestinget.

- I all beskjedenheit meiner eg det har vore til god drahjelpfor vegaksjonistar og politikarar. Kanskje er eit snev humor ogsatire ei vel så god brekkstong som syting og klaging. No skalimidlertid skiltet snart ned, til stor glede for alle. For osspendlarane blir det nye tider, seier Frøholm og legg til:

- Kva har vi no å sjå fram til avunderhaldning, når vi kan ligge i høgaste giret heilt til Olden?

Frøhom lanserer no arvtakaren til skiltet.

- Slik kan vi minnastfarne tider langs vegen. Når legender går i jorda, er det ofte påstatens bekostning. Slik bør det og vere med minnesmerket overOlden-Innvik.  Då er det berre å køyre lokaliseringsdebatt om kvar minnemersket skal vere, smiler Frøholm.