Formannskapet i Hornindal tilrådde i dag samrøystes å godkjenne intensjonsavtalen med Stryn og Volda. Avtalen skal endeleg godkjennast i kommunestyret torsdag.

Lødemel og Engelund slo an tonen

Ikkje uventa var det ordførar Stig Olav Lødemel (H) og Eldar Engelund (Sp) som slo an tonen i debatten.

- Vi har oppnådd mange krav, og avtalen er i det store og heile god. Det er klart at det er litt spesielt at Austefjord i intensjonsavtalen skal inngå i opptaksområdet til Hornindal skule. Bjørke ligg i Ørsta og leiger plass til sine elevar i Austefjorden, vedgjekk Lødemel som kom med ei rekkje argument for at avtalen var god:

- Utkantar og små bygder skal ivaretakast, gode tenester skal tilbydast der folk bur. Det er viktigare enn kommunenamnet. Vi er for små til å løyse store oppgåver, og desse er aukande. Livsnerven er E39 og utan Kvivsvegen hadde det ikkje stått Volda på denne intensjonsavtalen. Fylkeskryssande kommunegrenser er viktig å få til for å trekkje andre regionsgrenser enn i dag. Hornindal, Stryn og Volda set oss i stand til å løyse framtidas utfordringar. Stryn  og Hornindal åleine utgjer ikkje noko kvantesprang, sa Lødemel.

Randi Langlo (Ap) sa det ville vise seg kva for avtaler det ville bli jobba vidare med. Fellesnemda for det valde alternativet ville vise kva som kunne setjast på papiret.

- Spel for galleriet

- Eg sit meir og meir igjen med det inntrykket at denne intensjonsavtalen er eit spel for galleriet. No er den sett på vent av Volda kommunestyre. Kvifor jobbe med ei avtale som dei berre tek til vitande. Eg undrar meg over at ein skulle gje seg nesten utan kamp i forhandlingane med Gloppen og Eid berre fordi det var usemje om kommunesenter. Det var viktig at Stryn  og Hornindal gjorde likelydande vedtak i sin intensjonsavtale. No vil Stryn ha folkerøysting, og det er påfallande at vi ikkje skal ha det her, sa Engelund. Han spurde kven som laga spørsmåla i innbyggarundersøkinga og frykta at ein i kommunestyre i juni berre ville ende opp i eitt alternativ, nemleg med Stryn og Hornindal i tillegg til 0-alternativet.

- Mykje kan skje. Sykkylven kan gå mot Ålesund, og Stranda kan kome igjen. Eg tolkar ikkje signala frå folk i Stryn som store for at dei vil gå til Volda, sa Engelund.

- Uvitande før 19. mai

Ordføraren meinte det spelte inga rolle for realitetane i saka for Hornindal at Volda fredag ikkje godkjende avtalen. Dei har no stilt avtalen med oss på vent. Uansett ville ingen ting blitt klart for oss før 20 mai, dagen etter folkerøystinga i Ørsta/Volda:

- Hadde dei godkjent avtalen hadde dei samstundes brote siste punktet sitt i intensjonsavtalen med Ørsta, nemleg at Ørsta var plan A. No har vi uansett framforhandla ein avtale som vi eventuelt kan ta opp att 20. mai. Slik sett har vi spart tid, sa Lødemel.

Engelund ville vite om det var tid etter 20. mai for eventuelt å kunne forhandle med alle fire (Ørsta, Volda, Stryn og Hornindal)?

- Tida får vise. Vi veit no at Førde bli eit tyngdepunkt. Det får ei betydning korleis vi posisjonerer oss som motmakt mot dei store sentra, sa Lødemel.

Brua over Nordfjorden

- Vi kan ende opp med berre Stryn og Hornindal i midten av juni, sa Engelund.

-Kva skal vi gjere då, spurde Lødemel.

- Eg veit kva eg ville gjort, sa Engelund

Lødemel tok han på tankane:

- Eid satsa alt på Gloppen. Mykje på grunn av ei bru. Gloppen utsette folkerøysting til 30. mai, og Eid følgde etter. Å stable på beina noko alternativ før 30. mai er vanskeleg. Det er ikkje ønskje om forstyrrande element rundt ei bru over Nordfjorden. Dette har eg snakka med Alfred om. Andre sine val har konsekvensar for oss. Det må vi berre finne oss i. Det vere seg Ørsta og Volda, Stranda og Sykkylven og Eid og Gloppen. Vi veit ikkje kva som skjer etter 30. mai, sa Lødemel. Han la til at det var heilt håplaust å få så mange alternativ som Naustdal. Dei visste ikkje kva dei skulle stemme.

- Korleis blir spørsmåla?

Engelund gjentok at Hornindal var i ferd med å bli spelt "sjakk matt" ved at Ørsta og Volda mest truleg slo seg i lag. Han ville gjerne visst korleis spørsmåla i innbyggjarundersøkinga vart utforma.

Lars Alv Haugen (Ap) la ikkje skul på at ein var i ein dynamisk prosess som nesten måtte takast frå dag til dag. Også han meinte at spørsmåla måtte lagast på eitt eller annan stadium.

Her kunne ordførar og rådmann fortelje at to av spørsmåla allereie var laga av Opinion AS. Det eine gjekk på om ein var for eller imot eller om den spurde ikkje visste om Hornindal skulle slå seg saman med nokon. Det andre spørsmålet gjekk på kva for alternativ som var best om ein skulle slå seg saman med nokon.

Ordføraren opplyste også at kommunen hadde spelt i eit spørsmål til Opinion AS omkring retningsval for Hornindal dersom Ørsta/Volda ikkje ville ha med seg Stryn nordover. Skulle Hornindal då gå nordover eller sørover?  Denne spørsmålstillinga i eit eventuelt tilleggsspørsmål hadde ikkje Hornindal fått svar på, sa Lødemel.

Fleire tal

Rådmann Ann Kristin Langeland lovde Engelund nokre andre tal på økonomi til kommunestyret torsdag enn dei som ligg i avtalegrunnlaget basert på KS sine berekningar knytta til høyringsutkastet frå regjeringa.

Engelund sa elles at det berre dreia seg om ein intensjonsavtale, men vedgjekk at skule var ein brannfakkel når Austefjorden kjempa for eksistens av eigen skule. Forskjellen på denne avtalen og stryneavtalen var områdetankegangen, sa Engelund.

Lødemel avslutta med at det ikkje kunne forventast auka overføringar i framtida:

- Som Amdam har sagt: Vi har vore så rike at vi har kasta pengar etter alle våre utfordringar. Det er det slutt på, sa honndalsordføaren.