Ordførar Sven Flo er overtydd om at kryss i tunnell ved Svarstad vil vere beste måten å knyte saman E39 og riksveg 15.

- Tunnelkryss på Svarstad er det einaste rette i forhold til riksveg 15 og trafikken til og frå Stryn sentrum, slår Sven Flo fast. Og legg til: - Når Statens vegvesen har forkasta to av tre brualternativ grunna økonomi og kulturlandskap, blir det desto viktigare å få på plass kryssingspunktet i tunnelen ved Svarstad. Vårt utgangspunkt er at til lenger unna tilknytingspunktet er frå Stryn sentrum, til meir uheldig vil det vere.

Også Statens Statens vegvesen peikar i planomtalen på fordelane med tunnelkryss nær Svarstad: "Ved å bygggje kryss i tunnel ved Svarstad får ein betre kopling til riksveg 15 i austgåande retning, og mellom Stryn sentrum og industriområdet på Langesethøgda. Dersom kryss i tunnel nær Stryn vert akseptert, ser ein føre seg å legge krysset i Markane nærare tunnelen mot Grodås, og riksveg 15 gjennom Markane blir dermed felles med E39. Då vil kunne spare noko av vassdraget i Markane."

Ordførar Sven Flo seier seg glad for at planprogrammet inneheld fleire alternativ når det gjeld avkøyrsler i Vikane. Like eins at traseen gjennom Utvik og Innvik vert lagt så høgt at ein sparer mest mogeleg av verdfullt jordbruksareal.

Det store spørsmålet som ingen i dag kan gje svar på, er når brua og E39 Byrkjelo - Grodås vert ferdigstilt. Ordførar Sven Flo ser moglegheiter for at strekniinga kan rykke fram i køen.

- Eg registrerer at det i sørlege deler av landet er usemje om avkøyrsler m.m. Dersom vi får ferdig planane for E39 Byrkjelo - Grodås raskt, står vi sterkare med omsyn til løyvingar. At dette er den strekninga på E39 med størst innsparingspotensial, gjev sterke argument på hand, hevdar Sven Flo.