Nokre helseklinikkar i utlandet flår nordmenn som blir sjuke på ferie, skriv Gjensidige i ei pressemelding.

Dette har også ferierande frå Sogn og Fjordane fått oppleve.

Mange ferierande frå Sogn og Fjordane overbehandlast i utlandet, det kjem fram i ei fersk undersøking frå Gjensidige utført av Ipsos.

Her svarar 8 prosent frå Sogn og Fjordane av dei som har fått medisinsk behandling i utlandet, at dei har hatt ein følelse av å ha blitt overbehandla..

Dei fleste av desse tilfella finn stad på Kanariøyene og på fastlandet i Spania.

– Det siste året har det strøymt på med klager, særleg frå ein klinikk som ligg i Puerto Rico på Gran Canaria, seier Arne Voll, kommunikasjonssjef i Gjensidige.

– På eitt år har vi hatt over hundre saker, berre frå denne eine klinikken.

– Sjølv om forsikringsbransjen og alarmstasjonar har svartelista klinikken ligg denne i eit område som mange norske besøker. Norske flagg og skilt med «vi snakkar norsk» gjer at mange sjuke oppsøker klinikken, seier Voll vidare.

– Verda blir mindre og mindre og vi reiser stadig lengre vekk. Difor er det viktig å ta kontakt med forsikringsselskapet om ein blir sjuk. Bransjen har god oversikt over flinke legar og godkjente sjukehus. Har ein først oppsøkt ein useriøs klinikk og er ferdig behandla og blir presentert med eit økonomisk krav, er det ofte for seint.

Land der Gjensidige opplever fleire tilfelle av overprising og overbehandling

•             Spania (Fastlandet)

•             Kanariøyene

•             USA

•             Thailand

•             Tyrkia

•             Hellas

•             Kypros

•             Bulgaria

•             Egypt