Nordfjordeid kan få sin SeaWalk allereie i juni 2016. Det kom fram då Ole Heggeheim (Cruise Ventures), Arthur Kordt (Cruise Ventures) og John Olav Lefdal (Nordfjord Serviceterminal) inviterte Nordfjord Havn IKs med på eit spleiselag, der ein ønskjer at det interkommunale hamneselskapet går inn med 7,9 millionar kroner. Resterande eigenkaiptal  på 8,1 millionar kroner vil bli dekka av Eid kommune, Nordfjord Serviceterminal og Cruise Ventures Turistutvikling som kvar går inn med 2,7 millionar kroner.

Representantane frå Cruise Ventures og Nordfjord Serviceterminal argumenterte sterkt for å få på plass SeaWalk i Eid sentrum.

- I dag er det mindre enn hundre cruiseskipsanløp i Nordfjord. Med SeaWalk på Nordfjordeid kan talet bli 150-200 i løpet av 8-15 år, hevda Ole Heggheim, Arthur Kordt og John Olav Lefdal.

Ole Heggheim fortalde at ein SeaWalk som ligg på Aukra, vil koste 30 millionar kroner. Dersom Nordfjord Havn IKS går med på spleiselaget, noko som blir avgjort i havnerådet, kan monteringa starte allereie i juni.

- Bakgrunnen for vårt engasjement er for lite kaiplass i Nordfjord. Med SeaWalk på Eid kan kapasiteten doblast, sa John Olav Lefdal. Som la til:  - Vi må tore å tenkje litt større enn berre Olden når det gjeld cruise. SeaWalk på Eid vil styrkje heile regionen Nordfjord, meinte John Olav Lefdal. Som synte til dei store moglegheitene som opnar seg med Hoven Loen, Sagastad og andre attraksjonar som vil trekke til seg turistar.

Med SeaWalk kan Nordfjordeid ta i mot cruiseskip på godt over tre hundre meter.