Det er no klart at forfattaren Edvard Hoem skal halde festtalen under 150-årsmarkeringa for bilethoggaren Anders Svor til sommaren. Feiringa på Svormuseet i Hornindal er lagt til siste helga i juni.

Avdelingsdirektør Morten Johan Svendsen i stiftinga Musea i Sogn og Fjordane, som har driftsansvaret for Anders Svor Museum, opplyser i ei pressemelding at det blir lagt opp til eit staseleg  kulturprogram når jubileet skal feirast. Det er valt ei jubileumsnemnd med Oline Løvlid som leiar.

Det blir ei omfattande markering av 150-årsjubileet. Det er budsjettert med utgifter på om lag 1,4 million kroner.