Ei rekkje telefonar, SMS-ar og epostar inn til Fjordingen sin redaksjon viser at det som for folk flest er ein uventa gjest, er på ferde i indre Nordfjord torsdag ettermiddag. Det dreiar seg om eit stort marinefartøy. Ved nærare undersøkingar viste det seg å vere tysk flagg på skipet, og namnet er Bonn.

- Bonn er eit tysk forsyningsskip. Marinefartøyet øver i norske farvatn denne veka, opplyser orlogskaptein Jørn Hammarbeck i forsvarets operative avdeling i Bodø til Fjordingen.

Det er ikkje uvanleg at marinefartøy frå allierte NATO-land øver i Norge. Men det er ikkje kvar dag dei er å sjå inst inne i norske fjordar. Å teste ut mannskap i slike farvatn blir sett på som svært nyttig.