- Ei samla vurdering tilseier at det ikkje er grunnlag for å etablere eit fast dagkirurgisk tilbod ved Nordfjord sjukhus.

Dette er hovudkonklusjonen i adm.dir. Jon Bolstad si primære tilråding til styret i Helse Førde. Bolstad held likevel døra på glytt for ei dagkirurgisk løysing på Nordfjordeid.

Vurderinga til Bolstad er skjedd m.a. på bakgrunn av oppmoding frå Helse- og omorgsdepartemente i høyringsrunden om "Framtidas lokalsjukehus - utviklingsprosjektet ved Nordfjord sjukehus".

Jon Bolstad sin konklusjon er at at etablering av dagkirurgi ved sjukehuset ikkje vil vere berekraftig. Men på same tid som sjukehusdirektøren gjev tilråding om ikkje å starte opp med dagkirurgi, peikar  han på eit alternativ dersom andre grunnar enn dei faglege opnar for slik kirurgi. Dette vil i så fall tilsvare ein plass mellom 40 og 60 operasjonsdagar i året på Nordfjordeid. Føresetnaden for eit slikt alternativ er at helseføretaket får tilført ekstra midlar, og at ei rekkje andre faglege og organisatoriske føresetnader kjem på plass.

Styret i Helse Førde skal ta stilling til spørsmålet om dagkirurgi fredag 24. januar. Planen er at saka deretter skal opp i styret i Helse Vest i februar.