I kveld skal Stryn kommune halde ope informasjonsmøte om forslaget til kommunedelplan Langeset-Stryn-Storesunde i Stryn.

- Dette er tenkt som eit reint orienteringsmøte. Eventuelle innspel må kome skriftleg før uttalefristen går ut den 19. april, seier plansjef Geirmund Dvergsdal.

Ikkje minst næringsområda på Langeset, bruken av Vikaleirane og utviklinga i Stryn sentrum bør vere tema som er interessante for folk flest.