Øen Kuldeteknikk AS vart i dag tildelt Hornindal kommune sin tiltakspris for 2013. Bjarne Øen tok imot prisen - ein sjekk på 5.000 kroner og diplom - frå fungerande ordførar Idar Nygård.

I grunngjevinga blir det vist til at Bjarne Øen etablerte B. Øens Kjøleservice i 1978. Han heldt til på Hellesylt dei to første åra. I 1980 vart bedrifta flytta til Hornindal. Bjarne Øen satsa målbevisst på utvikling av bedrifta, som i 1999 vart aksjeselskap med namnet Øen Kuldeteknikk AS.

I dag er dei største satsingsområda industri-, butikk- og varmepumpeanlegg. Bedrifta har fokus på energieffektive anlegg og nyttar miljøvennlege kuldemedietypar.

Det blir vidare poengtert i grunngjevinga at Øen Kuldeteknikk er ei viktig bedrift i Hornindal, og har i dag sju tilsette. Bedrifta har dei siste åra vist vilje og evne til å utvikle seg til å ta større oppdrag over ein større region.

- Øen Kuldeteknikk er ei verksemd som profilerer Hornindal på ein god måte, sa Idar Nygård då han delte ut prisen på Hornindal kommunestyre sitt siste møte før jul.