Wenche Lindvik Aaning hos Moods of Norway i Stryn meiner turistane er veldig viktig for handelen Stryn.

-Mange utenlandske turistar kjem innom for å handle, men det er nordmenn på gjennomreise som legg igjen mest pengar. Stryningane brukar jamnt med pengar heile året, seier Aaning.

Veit når det er salg

Erikka Bø Håheim hos outletet til Ricco vero i Stryn  meiner også at sommarshoppinga er svært viktig for dei.

-Hytteturistane legg igjen mest pengar utanom sommaren, i juni, juli og august er det mykje gjennomreisande som handlar her. Vi merkar stor pågang av turistar om sommaren, på grunn av sommarsalg. Stryningane handlar jamnt heile året, seier Håheim.

Har faste kundar i Molde og Ålesund

Hos X-tra lekker i Stryn er shoppinga svært væravhengig, i følge Anndi Bergset

-Det kjem mest kundar inn i butikken når det er fint vær, på regnværsdagar er det lite folk. Det er mange faste kundar frå Sunnmøre,  som kjem lang veg for å handle her, sidan vi har stort utvalg i store størrelsar. Folk kjem heile vegen frå Molde og Ålesund i eins ærend, fortel Bergset.

I Sogn og Fjordane fekk butikkane 18,7 prosent av omsetninga i juli og august i 2016, fortel Hovedorganisasjonen Virke i ei pressemelding. Det er meir enn landsgjennomsnittet for norske fylke. Bror William Stende, direktør for Faghandel i Virke sei i den samme pressemeldinga at sommaromsetninga i enkelte kommunar utgjer heile 30% av årsomsetninga.

Erikka Bø Håheim hos Ricco vero sitt outlet i Stryn Foto: Hans Ivar Moss Kolseth